Sitater fra noen av diktene

 

Eg frys

Eg har vore ute 

Lenge har eg vore ute

Det var så kaldt der

og eg fann ikkje døra 

inn til varmen

Eg leita medan snøkrystallane dansa ikring meg og kviskra….

 

Dei vakraste augo har du barn lille

Lik ei stjerne vart du fødd

Til denne verda du ville

Natta var svart, universet lyste

Og det største under i nattehimmelen var du, barn lille….

 

Eit vinterlandskap, kjenner du det?

Frosne marker ligg livlause

Kvilande under det kvite teppet

Ser du det er livet som treng kvile

Som ikkje alltid må stå oppreist

Og vere på vakt…….

Sjå den kvite verda

Ho held deg fast

Let deg halde att augo for ei lita stund….

 

Jo, eg skal fortelje deg

at livet må levast av deg!

Gå ut og sjå deg omkring

plukk opp ein blome

Sjå sjøen

som bryt og vinden som syng

Den songen let du gå inn i ditt øyre

Tyd han så skal du få høyre

At livet

er gåva til deg

Begynn å leve det

det er ditt neste steg!

Vi er saman

 rundt bordet

bryt brødet

høyrer stemmen

frå

dei vakraste blåtoner 

denne laurdag

 

Vinden tek meg

Lyftar meg opp og ut i verda

I store kast driv eg med vinden

Eg let han kaste meg

Eg kjem langt av garde

Til slutten

til begynnelsen

til æva

til hjartet..sjela…….

Det har løya, eg har ro no……

 

Eg føltest så tom

Da hausten 

da mørkret kom og greip tak

lik ein kvelarslange

Eg fekk ikkje puste……

 

Tankane kan du styre

Lik ein båt kan du styre dei

la dei krengje

 segle 

krosse dei opp mot vinden…..

 

Sjøen innbyr til ein siste seglas

i dønningane

i bølgjene

Med krusningar som vekkjer deg opp

 ein haustdag 

og gir deg svaret tilbake..

glir inn i 

brenningane

som 

bringer deg vidare 

med vinden

får du ei siste erkjenning av noko som rører seg

fridomen….

 

Med ett visste eg at det var akkurat denne 

stien eg søkte

Eg såg fargespelet

Det var denne vegen eg skulle gå…

 

Min lengsel driver meg gjennom sommernatten

Kjølig og øm vil jeg finne den forheksede skatten…

 

Treet 

Med sine greiner

verner om 

alt det vesle

Som en mor

verner om sine barn….

 

Vær varsom, vær nøye

med hvem du slipper inn

Ta hånden og legg den varsomt på ditt spinn

Går spinnet i stykker

må du løpe din veg

Gir hånden styrke

ser du gleden

gnistre på din veg….

 

 

Fra diktsamlingen ”Livsgnist” 

Kari Elisabeth Haug 2007